090412darleg fangs

Vi driver ein liten Kennel litt utanfor Nordfjordeid, i Stad kommune, som er ein flott stad i Vestland fylke. Her er plassen der fjell møter fjord, og vi har fantastiske moglegheiter for fjellturar og turar i skog og mark. Som vi nyttar oss av så ofte som mulig. Eg har vært ”hundefrelst” heile livet, og hadde hund under oppveksten. Eg har alltid hatt ein forkjærlighet for Collien, men syntes den var for stor. Derfor måtte det bli ein «miniutgave». Sheltien var heilt perfekt, og i mine auge finst det ikkje ein vakrare og meir hengiven rase.

I 2004 fekk vi vår fyrste Sheltie.  Bøengen`s Dawn, som vi kalte Frøya, var ei hærleg lita frøken som trilla oss alle rundt lisjefingeren.

Swikks Adorable Cindy var etter Frøyas fyrste kull. Ho vart født 25.02.2008. Som det blir sagt: Sheltien er som potetgull, du klarer deg ikkje bare med ein.

I 2015 kom vår tredje Sheltie inn i flokken vår. Orreknuppen`s Wonderful Tini vart født 25.12.2014, og kom til oss som eit friskt pust. Ho har gjort det bra på utstilling, og manglar p.d.d. kun eit lite cert før ho kan titulerast som Norsk Utstillingschampion (Nuch.)

Vi miste dessverre både Frøya og Cindy i løpet av 2 mnd då Tini var kvalp. Etter dette forandra ho seg veldig. Frå å være tillitsfull og sprudlande, vart ho veldig reservert. Pga. dette var vi so heldige og fekk «låne» Alma, «Rose», frå Inger ved Orreknuppen Kennel, til stor glede for oss, og ikkje minst Tini.  Derfor vart Rose titulert som støttekontakten til Tini. 

I 2020 kom Rose heim til oss for godt, saman med den eine kvalpen sin. Rose er født 11.03.2017 og Orreknuppen`s Memorable Yasmin, «Saga» er født 05.09.2020. 

Alle våre hunder er veldig glad i barn, og når alle barna og barnebarna våre kjem på besøk, er det stor glede i heimen.